Fantasy-detektiven: Arsenal

Vi har sett nærmare på Arsenals pre season, overgangar og ikkje minst aktuelle spelarar til ditt fantasy-lag. 

Etter ein berg-og-dal-bane av ein første sesong for Unai Emery enda det til slutt med den sure 5. plassen, poenget bak Nord London-rival Tottenham. I tillegg til eit stygt 1-4-tap i Europa League-finalen for byrival Chelsea. Vi vart tidvis servert strålande angreps-fotball, mens vi i det neste augeblikket måtte gni oss i auga over forsvarsspelet vi var vitne til. 

Kun Bournemouth (126) var involvert i fleir mål enn Arsenal (124) forrige sesong. Spesielt på heimebane var Arsenal solide og enda som ligaens tredje beste heimelag, mens dei på bortebane sleit langt meir, og lakk som ei sil. Spørsmålet er om Emery i år kan få meir kontinuitet inn i laget? 

Les våre andre analyser av FPL-lagene før sesongstart her

I skrivande stund har Arsenal signert to nye spelarar. Midtbanespelar Daniel Ceballos (22) er henta på lån frå Real Madrid og vil nok ta ein av plassane sentralt på midtbana til Arsenal. Ny er også William Saliba (18), midtstoppar frå Saint-Etienne. Men Saliba er ikkje speleklar før neste sesong, og lånast direkte tilbake til Saint-Etienne. I tillegg ryktes den meget lovende kantspilleren Nicolas Pépé inn fra Lille, og han skal ifølge flere troverdige kilder rundt klubben nærme seg de røde fra Nord-London. Ellers linkast klubben til Kieran Tierny (22), venstreback hos Celtic og ein kjenning frå Premier League og Crystal Palace i Wilfried Zaha (26). Når det gjelder spelarar på veg ut er det spesielt ein mann som skil seg ut. Lagkaptein Laurent Koscielny nekta å møtte på jobb for deira pre season-turne. Klubben ryktast å vere rasande og det er kun eit tidsspørsmål før Koscielny er ferdig i klubben. Ellers er det kun u-spelara på lån som ryktast ut dørene på Emirates.

Unai Emery

Unai Emery tok over Arsenal i mai 2018 og har no fått ein sesong med tilvenning i Premier League. Jobben hans blir i år å ta Arsenal tilbake til topp 4. Emery er tidligare kjent for å ha ein stram defensiv organisering, noko han til no ikkje har lykkast med i Arsenal. »The Gunners» store akilleshæl forrige sesong var forsvarsspelet. 51 baklengs er meir enn klubba som Wolverhampton, Everton, Leicester og Newcastle. Ikkje spesielt bra fantasy-materiale. Emery kan vere fleksibel i form av formasjons-skifte, noko han viste i fjor. Både frå kamp til kamp og undervegs i kampane. Han veksla mellom 4-2-3-1 og 3-5-2 ut i frå motstandar og kampbilete. I etablert spel ønsker Emery eit ballbesittande angrepsspel og høge backa. Ein kan dermed forvente at ny-signerte Ceballos får ein sentral rolle på Arsenals midtbane. Emery ønsker at laget skal kjøre hurtige kontringer dersom det er klima for det. Her er Aubameyang og Lacazette sentrale brikker. Emery har presisert at han ønsker meir tempo i spelet, og at dette er noko dei jobbar med under pre season. Han viste i fjor at han kunne bytte 1-2 spelarar i pausen om han ikkje var fornøgd med prestasjonane. Så her vil det bli rotasjons-fare.

Unai_Emery_-_Sevilla

Pre season
I skrivande stund har Arsenal spelt fire treningskampar i USA:

Colorado Rapids – Arsenal 0-3 (Saka, Olayinka, Martinelli) Assist: Nketiah, Thompson
Bayern Munchen – Arsenal 1-2 (OG, Nketiah) Assist: Aubameyang, John-Jules T
Fiorentina – Asenal 0-3 (Nketiah 2, Willock). Assist: Kolasinac, Lacazette 2
Real Madrid – Arsenal 2-2 (Lacazette str, Aubameyang) Assist: Lacazette

Med unntak av første kamp på USA-turen mot Colorado Rapids, har Arsenal stilt relativt sterke mannskap dei tre neste. Lacazette og Nketiah står begge med fire målpoeng så langt. Ellers er målpoenga jevnt fordelt. Vi noterer oss at Aubameyang står med ett mål og ein assist.

Resterande fixtures for Arsenal i pre season: Lyon (28.07), Angers (31.07) og Barcelona (04.08)

Forventa Arsenal XI

                          Leno
Maitland-Niles – Mustafi – Sokratis – Kolasinac
Ceballos – Xhaka
Mkhitaryan – Øzil – Aubameyang
Lacazette

Emery uttalte under pre season at han primært ønsker å spele med ein forsvars-firar og vi trur også at han startar PL-sesongen i 4-2-3-1. Men pass opp for rotasjon og 3-5-2 som fleire gonga vart brukt forrige sesong.

Keeper: Keeperane Leno og Martinez har rotert under pre season. Men Leno er førstevalet.

Forsvar: Midtstoppar Sokratis virka å vere det sikraste kortet inn i Arsenal sitt forsvar. Mustafi, Chambers og kanskje også Monreal kjemper om stopparplass ved sidan av grekaren. Maitland-Niles startar som høgreback, så lenge Bellerin er ute med skade. Kolasinac starter trulig som venstreback, med konkurranse fra Monreal. Ein kan forsvare seg, en kan angripe. Emery har tidligare vist i både Sevilla og PSG at han liker å rotere på backane, så pass opp.

Følg oss på Twitter for tips til hver runde i Fantasy PL

Midtbane: På midtbana virka Xhaka sikker frå start ettersom både Torreira, Guendouzi og Elneny er seint tilbake pga meisterskap i sommar. Ceballos går nok rett inn som makker til Xhaka. Han blir spennande å sjå i aksjon siste del av pre season. Truleg vil vi få danna oss eit betre bilete etter desse kampane.

Angrep: Framover på bana har Emery starta firerbanden Mkhitaryan, Øzil, Aubameyang og Lacazette mot både Bayern Munchen og Real Madrid. På grunn av meisterskap i sommar og generelt for liten konkurranse offensivt i Arsenal, er det trulig at desse fire også startar mot Newcastle 11.august. Iwobi som fekk mykje tillit i fjor kjem seint tilbake på grunn av Afrika-meisterskap og må trulig nøye seg med ein plass på benken frå start. I tillegg kan vi forvente at Pépé kommer inn om Arsenal får dratt handelen i gang. Her får Emery en langt mer gjennombruddshissig ving enn Mkhitaryan. Pepe var involvert i mål halvparten av kampene han spilte i fransk serie i fjor, og er en hurtig teknisk ving som liker å skjære innover.

Ellers noterer vi oss at unggutta Nketiah og Willock imponerer til no i pre-season, men at det trulig er for mykje å håpe på at dei tar ein startplass når Premier League-sesongen sparkast i gang.

Fantasy-kuppene

Arsenal har fint program i runde 1 og 2 med Newcastle og Burnley, men så går det mot rødt kamp-program inn mot første landslagspause. Liverpool på Anfield i runde 3 og Nord London-derby mot Tottenham i runde 4. Med minna frå forrige sesong friskt i minne fristar det ikkje å spele nokon defensivt frå Arsenal frå start. Kun åtte clean sheet forrige sesong taler for seg sjølv. Kolasinac var den forsvararen i Arsenal med høgast poengsum (81). Det var heile 132 poeng bak Liverpool-back Robertson (213). I tillegg er det stor rotasjons-fare i forsvaret og heller ingen forsterkninga på plass. Styr unna frå start. Også på midtbana er det rotasjons-fare og vi anbefaler å sjå an. Spennande å sjå om innleidde Ceballos £5.5 bli ein av dei to sittande på midten eller om han kan bli ein arvtakar for Øzil i 10er-rolla. Vi merkar oss at Øzil har gått ned ein million frå forrige sesong og er no tilgjengeleg for £7.5. Skulle tyskaren finne tilbake til fantasy-formen for 15/16- og 16/17-sesongane vil han bli høgaktuell til den prisen. Må nøye seg med å vere på watchlist frå start. Følg med kva som skjer med Zaha £7.0. Skulle Arsenal hente han vil han bli ein meget aktuell mann for ein relativt fin pris.

– Aubameyang £11.0m

Delt toppscorar i Premier League 18/19 og den som tok flest poeng på fantasy av angriparane forrige sesong. Til tross for variable prestasjonar av Arsenal som lag, veit ein alltid kva ein får med Aubameyang. Strålande avsluttar som kan score mot kven som helst. Trulig på straffe, men Lacazette kan få ansvaret.

aubameyang

Nøkkeltal 18/19: 22 mål og toppscorar i Premier League, syv fantasy-assist, 32 bonus poeng og 205 poeng totalt. Aubameyang slår ein spelar som Kane med heile 45 poeng. Det er sterke tall og seier sitt om kva som bur i mannen frå Gabon. Kaptein-emne runde to, heime mot Burnley.

– Lacazette £9.5m

Poengmessig enda franskmannen forrige sesong som nummer seks av angriparane. Ein del inn og ut av laget forrige sesong, men enda likevel på 25 målpoeng. Vi trur at Lacazette i år vil få ei meir sentral rolle. Enten som aleine-spiss eller i tospann med Aubameyang. Han er også ein strålande avsluttar og ein god linkup-spelar. Noko som føre til ein del assist. Lacazette har sett bra ut i pre-season og står med flest målpoeng (4) av Arsenal-spelarane så langt. Han tok også straffe mot Real Madrid med Aubameyang på bana. Så her kan ein potensielt få ein straffeskyttar frå det tredje beste offensive laget forrige sesong til £9.5.

Nøkkeltal 18/19: 12 mål, 13 fantasy-assist, 20 bonuspoeng og 166 poeng totalt. Leverer forrige sesong meir poeng enn spelarar som Firmino og Kane. Potensielt på straffe. Også sterkt kaptein-emne i runde 2, heime på Emirates mot Burnley.

Oppsumering

1.Vi forventer Arsenal frå start i 4-2-3-1, med 3-5-2 som plan-B.

2.Leno, Maitlain-Niles, Sokratis, Xhaka, Ceballos, Øzil, Aubameyang og Lacazette bør alle vere bankers frå start når Premier League sparkast i gang, uansett formasjon.

3.Forvent rotasjon på spelarar som Mustafi, Chambers, Monreal, Kolasinac, Bellerin, Torreira, Guendouzi, Mkhitaryan og Iwobi. Kanskje også Øzil.

4.Trulig blir dødball fordelt slik:

Straffe: Aubameyang/Lacazette (Har tidligare bytta straffe innbyrdes så følg nøye med)

Corner: Øzil, Xhaka

Dødball: Øzil, Xhaka

Håpar dette var nyttig i forkant av ein ny spennande fantasy-sesong. Fantasyfans følger fortsatt pre season tett og og melder raskt via sin Twitter-konto @fantasyfans_net om nyttig info.